Via nationen.no:
Vått korn bidreg til at bønder får 50.000 kroner i ekstra kostnad
Vanskelege haustingsforhold gjer at prognosane for årets kornavlingar truleg må nedjusterast. Det viser ein ringerunde Nationen har utført blant dei største mottakarane av korn her i landet. Septemberprognosen viste ei totalavling på 1.063.000 tonn korn, noko fleire trur er for optimistisk.
- Tilbakemeldingane vi får er at mange har små avlingar. Sein sesong og vanskelege forhold gjer også at ein del bønder ikkje har fått kornet i hus. Vi trur at sist prognose må justerast ned til rundt ein million tonn, seier dagleg leiar Leif Kåre Gjerde i Fiskå Mølle, som reknar med at dei tek imot rundt 12 prosent av kornet her i landet gjennom eigne eller samarbeidande møller....
Les hele artikkelen her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar