Pressemelding fra Hardangeraksjonen angående SISTE demonstrasjon mot monstermastene i Hardanger:
Granvin, 3.8.2012
Hardangeraksjonen avsluttar demonstrasjonane med markering på Jonstøl 23 aksjonistar hindra i dag arbeidet med den nye kraftlinja i Hardanger. Dagens sivil ulydnadsaksjon i Granvin vert den siste av dei mange aksjonane sidan anleggsstart i fjor. Neste helg avsluttar Hardangeraksjonen demonstrasjonane med ei fredeleg markering på Jonstøl i Ulvik. Deretter vil kampen halda fram på andre arenaer.
«No når anleggsarbeidet har kome så langt og mastene reiser seg rundt oss, kjem me ingen veg med sivil ulydnad lenger», seier Anita Aalvik, nestleiar i Hardangeraksjonen. «Markeringa på Jonstøl vil bli avslutninga av denne delen av kampen. Det vil bli eit familievenleg arrangement med fiskekonkurranse, kulturinnslag, filmframsyning og overnatting for dei som vil. Ei siste markering for å visa at me aldri kjem til å godta det statlege overgrepet, og for å visa at mostanden framleis er sterk sjølv om me no avsluttar aksjonane.»
Etter den avsluttande markeringa på Jonstøl vil Hardangeraksjonen jobba vidare på andre måtar, mellom anna juridisk og politisk. «Me gjev ikkje opp», understrekar leiar Lars-Helge Ljone. «Sjølv om me no ser at me ikkje greier å stogga mastene i Hardanger, vil me arbeida for at sanninga bak denne utbygginga kjem fram.» Regjeringspolitikarane skal heller ikkje få gløyma Hardangersaka i valkampen fram mot neste års Stortingsval. Hardangeraksjonen skal sørgja for at veljarane ikkje gløymer korleis demokratiet og lokalsamfunnet vart overkøyrt i Hardanger, og ynskjer samstundes å gjera folk bevisste på den utbyggingsoffensive energipolitikken regjeringa fører.
«Målsetjinga om Noreg som Europa sitt grøne batteri er bestemt over houvdet på veljarane», seier talsperson for Hardangeraksjonen, Synnøve Kvamme. «Få er klare over at dei omfattande kraftutbyggingane som er under planlegging over heile landet hovudsakleg skal senda straum ut av Noreg. Borten Moe har sagt at det blir uaktuelt å ta «estetiske omsyn», dermed er naturen dømt til å bli den store taparen.» Hardangeraksjonen etterlyser ein offentleg debatt om korleis dei norske naturressursane skal forvaltast, og vil i den vidare kampen setja søkelyset på dette.
Kontaktpersonar: Synnøve Kvamme, 95115031 | Gudrun Folkedal, 97527812 | Anita Aalvik, 94843432
MILJØØKONOMENE takker Hardangeraksjonen for fantastisk klassisk miljøverninnsats i kamp mot den norske klimapolitikkens galskap!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar