tirsdag 9. oktober 2012

MD BUDSJETTET 2013

Fra regjeringen.no:
Pressemelding, 08.10.2012
STATSBUDSJETTET 2013
Over ti prosent vekst i Miljøverndepartementets budsjett

Miljøverndepartementets budsjett aukar med 11,4 prosent i framlegget til statsbudsjett for 2013. Sikring av naturmangfald, vern av kulturminne og kulturmiljø, klimatiltak, kart og geodata og auka innsats for planarbeid i byområda er viktig i miljøsatsinga.
–Budsjettet gjev eit kraftig løft for miljøvernet i Noreg. Klimaet er ein av budsjettvinnarane med ti milliardar kroner til fondet for fornybar energi og energieffektivisering, auka løyving til kollektivtransport og auka CO2-avgift. I tillegg vil vi auke innsatsen for å ta vare på kulturminne og naturmangfald, mellom anna ved å auke løyvinga til skogvern med 111 millionar kroner, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
I tillegg til den sterke miljøsatsinga over Miljøverndepartementets budsjett, er det mange og viktige miljøtiltak på budsjetta til andre departement. Blant dei største tiltaka her er investeringar, drift og vedlikehald av jernbanen, der det blir løyvd 11,4 milliardar kroner i 2013. Dette er ein auke på 1,4 milliardar kroner. Påskjøningsordninga for betre kollektivtrafikk i dei store byane får ein auke på 262 millionar kroner i 2013, til 673,1 millionar kroner.
Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging blir tilført ti milliardar kroner. Regjeringa føreslår å styrkje klimaforskinga med til saman 47 millionar kroner. På denne måten vil Noregs forskingsråd ha om lag 400 millionar kroner til klimarelatert forsking i 2013. Regjeringa fører og vidare arbeidet med tiltak mot avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland. Til kjøp av klimakvoter føreslår regjeringa 630 millionar kroner i 2013, som er ein auke på 115 millionar kroner. Dei samla løyvingane til miljøtiltak for alle departementa aukar med 2,9 milliardar kroner til 44,3 milliardar kroner. 
Hovudpunkt i miljøvernbudsjettet 2013:
  • Miljøverndepartementets samla budsjettforslag for 2013 er på 5 453,7 millionar kroner. Det er ein auke på 560,2 millionar kroner samanlikna med budsjettet for 2012. Veksten frå 2005 har vore på over 2,7 milliardar kroner, noko som svarar til nær 100 prosent.
  • Regjeringa gjer framlegg om ei auka løyving til naturmangfald og friluftsliv på om lag 218 millionar kroner, til i overkant av 1,8 milliardar kroner. Løyvinga til nytt skogvern aukar med 111,1 millionar kroner, noko som gjer det mogeleg å fatte vernevedtak for mange område der det alt er inngått avtaler om frivillig vern. Løyvinga til nasjonalparkar aukar med nesten 68 millionar kroner. Regjeringa gjer òg framlegg om 14 millionar kroner til å sluttføre den nye forvaltingsmodellen og styrkje forvaltinga av verneområda, samt å auke løyvingane til oppfølging av rovdyrforliket med 22 millionar kroner.
  • Budsjettet til friluftsliv vert auka med 20 millionar kroner til ei breiare satsing på friluftsliv og folkehelse. Det er særs viktig å nå barn og unge og leggje til rette for lavterskeltilbod for grupper som ikkje alt er aktive i friluftsliv.
  • Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til kulturminne og kulturmiljø med 62 millionar kroner.
  • Det gjerast framlegg om ei ny satsing retta mot dei store byane som skal medverke til ei framtidsretta byplanlegging, betre bymiljø og tilrettelegging for auka bustadbygging.
  • Til jordobservatoriet i Ny-Ålesund er det framlegg om ei løyving på 45,6 millionar kroner, og til klimaforsking ei styrking på ti millionar kroner. Andre departement styrkjer òg kilmaforskinga, og samla auke i 2013 er på 47 millionar kroner.
  • Utgiftene til tinglysingssystemet Regina vert dekka innanfor statsoppdraget til Kartverket med 25,8 millionar kroner. Gebyra for ulike former for tinglysing samla sett er sterkt overprisa. Regjeringa føreslår difor å redusere tinglysningsgebyr for fast eigedom, slik at inntektene vert redusert med 385 millionar kroner til 604 millionar kroner.
  • Vrakpantordning aukar frå 221 millionar kroner i 2012 til 281 millionar kroner i 2013.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar