mandag 7. mai 2012

HARDANGERAKSJONEN 2012

Som støttespillere til Hardangeraksjonen mottar Petter og jeg regelmessige oppdateringer. Her er den siste, som forøvrig annonserer årets første demonstrasjon:

Emne: Hardangeraksjonen kjempar vidare!

Kjære støttespelar:
400 år f. Kr var det ei rettsak i Aten. Filosofen Sokrates var skulda for å villeia ungdomen og for ikkje å fylgja lovene. Under rettsaka vedgjekk Sokrates at han var som ein klegg i eit dorskt samfunn. På same måte prøver Hardangeraksjonen å vera ein klegg i det norske samfunnet. Slik Sokrates med sine enkle spørsmål evna å terga opp folk i viktige posisjonar i samtida si, prøver Hardangeraksjonen det same i vår samtid. Kva hjelper det klimaet å flytta utsleppa til andre land? Kvifor bruka forsyningstryggleik som kamuflasje for storstilt krafttransport? Kvifor seier dei at pengar ikkje spelar inn på kva løysning som vert valt, når det er pengane som styrer?

Fyrste aksjon:
Hardangeraksjonen kjempar vidare mot ein profittbasert bransje. Og me treng deg med på laget. Når naturen i Hardanger er på det vakraste, slår me til med ein storaksjon. Datoen for denne er sett til 19 mai. Set dagen av i kalendaren og sei ifrå til oss om du vil vera med. Me treng mange folk for å få saka opp i media igjen!

Ny heimeside.  
Kortfilm frå fjorårets aksjonar.   
Bli medlem i Hardangeraksjonen

MILJØØKONOMENE oppfordrer leserne til å støtte Hardangeraksjonens kamp mot elektrifiseringsgalskap og monstermastene!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar