tirsdag 6. mars 2012

HARDANGERAKSJONEN

MILJØØKONOMENE ønsker å formidle videre pressemeldingen av 2. mars fra Hardangeraksjonen i respons til regjeringens nylige stortingsmelding om kraftnettet:
Ola Borten Moe har lenge snakka om eit paradigmeskifte innan energiutbygginga. Ettersom det ser ut som han har ei anna meining med uttrykket enn den vanlege, har det vore vanskeleg å ta han på alvor. I dag, 2. mars 2012, ser me kva paradigmeskiftet hans inneber. Miljøvernministeren fjernar dei siste hindringar for linjebygginga Sima-Samnanger, og Ola Borten Moe presenterer nettmeldinga som skal bana vegen for “en massiv utbygging av mer fornybar energi her i landet.” For å få dette til, vert høvet til å klaga på vedtak om linjeutbygging fjerna, og i fylgje Ola Borten Moe sitt paradigmeskifte vert dette kalla ei demokratisk utvikling.

Ola Borten Moe vil fjerna lokaldemokratiet i kraftlinjesaker. Dagens stortingsmelding om kraftnettet er skremmande. I si målsetjing om å verta Europa sitt "grøne batteri" har Olje- og energidepartementet no gjort det klart at dei i endå mindre grad aktar å ta omsyn til natur og lokalbefolkning i komande kraftlinjesaker.

I Hardangersaka er det ikkje berre naturinngrepet i seg sjølv som har skapt massive protestar, men òg prosessen som førte fram til vedtaket. Frå dag éin sa heile Hardanger og eit politisk unisont Hordaland nei til utbygginga og kravde ei løysing som ivaretok naturen. I Hardanger vart som kjent lokaldemokratiet fullstendig overkøyrt, og det er openbert at avgjerda blei tatt lenge før det offentlege vedtaket. For å gjera det endå lettare å tura fram som dei vil, føreslår altså Olje- og energiministeren no å setja lokaldemokratiet endå meir på sidelinja. Når dette kjem i tillegg til at styresmaktene brukar løgn og skremselspropaganda om byane sin forsyningssituasjon for å nå sine kapitalistiske mål, er det ikkje mykje som minnar om demokrati lenger.

Miljøverndepartementet spinn vidare på OED sin skremselspropaganda om straumkrise i Bergen. Hardangeraksjonen finn det kraftig provoserande at Miljøverndepartementet no overkøyrer Riksantikvaren og gjev Statnett løyve til å bygga høgspentmaster tvers gjennom kulturminnet Dyranes, med funn etter fleire tusen år gamle busetnader. Grunngjevinga for Miljøverndepartementet sitt vedtak er at forsyningstryggleiken må koma først - og dermed spinn dei vidare på den same gamle skremselspropaganden til Olje- og energidepartementet om korleis Bergen kjem til å gå i svart viss ikkje Statnett får gjennomføra kraftlinjebygginga i Hardanger. Som stadfesta i dei eksterne utvalsrapportane av 1. februar 2011, har det etterkvart blitt allmenn kjent at det ikkje er noko straumkrise i Bergen, og at Sima-Samnanger uansett ikkje vil ha nokon innverknad på BKK-området si straumforsyning. Kraftlinja i Hardanger skal i all hovudsak tilretteleggja for storstilt krafteksport til utlandet, og ein sjøkabel frå Sima inst i Hardanger til Storbritannia er i desse dagar under planlegging.

Sidan saka vart kjent i 2005 har me ikkje høyrt eit ord frå verken Miljøverndepartementet eller miljøvernministeren. Når dei no - etter sju år - endeleg kjem på banen, tek dei side med Statnett og held fram med den same, manipulerande retorikken. Det er like fortvilande som det er skuffande. Regjeringa si målsetjing om å bli Europa sitt grøne batteri vil føra til milliardinntekt for kraftbransjen, likevel er dei ikkje villige til å ofra ei krone for å bevara unikt natur- og kulturlandskap. Om Ola Borten Moe får det som han vil, skal heile landet vårt no dekorerast med "monstermaster" under dekket at "byane treng straum". Altså er det innbyggjarane i byane som skal betala for den gallopperande kraftbransjen sine kapitalistiske utbyggingsplanar - som heller ikkje har vore underlagt offentleg debatt då styresmaktene i det lengste har prøvd å kamuflera planane.

Departementa går altså inn for å svekka lokaldemokratia i utbyggingssaker, samstundes som dei gjer det endå lettare for Statnett å gå utanom lova utan nokon form for konsekvensar. Dagens hendingar gjev grunn til bekymring.

Hardangeraksjonen er en viktig protestgruppe som MILJØØKONOMENE med dette ønsker å vise sin støtte i kampen mot kostbar energipolitikk. Deres tilstedeværelse på internettet er dessverre ganske rotetede men her er en lenke til hjemmesiden deres og her er lenke til bloggen deres som dokumenterer pågående aksjoner. Les også våre tidligere relaterte innlegg:

Monstermastene Kommer!
Monstermastene Kommer! (Del II)
Energipolitikken til Ola Borten Moe
Kostbar Energipolitikk
Hvite Elefanter

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar